Tenester
Eg hjelper enkeltpersonar, leiarar, arbeidsplassar og skular med å kommunisere meir hensiktsmessig, slik at dei kan bygge trygge relasjonar og robuste fellesskap.
Individuelle samtalar og rettleiing
Passar for leiarar, lærarar, foreldre og enkeltersonar
Rettleiing for deg som står i eit krevjande arbeidspress, kjenner på stress, eller treng verktøy for å kunne ta ansvar for eiga livsmeistring.
Kurs og samlingar for arbeidsplassen
Passar for leiargrupper, tilsette, styre og organisasjonar
Praktiske kurs i behovsbasert kommunikasjon, relasjonskompetanse og konflikthandtering for å skape eit trygt og effektivt arbeidsmiljø.
Mekling og
konflikthandtering
Passar for leiarar, team, samarbeidspartnarar og menneske i nære relasjonar
Prosessleiing og mekling når samhandlinga har gått i stå, der målet er å finne berekraftige løysingar for alle partar.
Livsmeistring i skule og barnehage
Passar for barnehage, 1.–7. klasse, ungdomsskule og høgskular/universitet.
Skreddarsydde opplegg om kjensler, grenser og kommunikasjon som forebygger mobbing og skapar trygge læringsmiljø.
Foredrag og
temadagar
Passar for bedrifter, skular, lag og organisasjonar
Tankevekkande innlegg og fagleg påfyll om emosjonell styrke, relasjonskunst og god dialog til seminaret eller planleggingsdagen.
Sosial beredskap og "Kunsten å finne gullet i oss" er tilgjengeleg med kun to ledige datoar før jul.
Soleklar
Solgunn Tilseth Breivik
Eigar og dagleg leiar
Tlf.: +4799227885
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Dalsfjordvegen 67, 6133 Lauvstad