Solgunn Tilseth Breivik

Grunnleggar av Soleklar AS

Eg har sjølv opplevd korleis det kjennest å stå i eit krevjande arbeidspress og miste balansen. Når kvardagen stormar som verst, kan det vere utfordrande å oppretthalde klar, berekraftig kommunikasjon og gode relasjonar.

Med spesialkompetanse innan behovsbasert kommunikasjon og relasjonsfag, kombinert med 30 års erfaring frå næringslivet og over 20 år som bedriftsleiar, hjelper eg deg med praktiske verktøy som fungerer i kvardagen – uansett om det er på kontoret, i familien eller i eit anna prestasjonsmiljø.

Min bakgrunn

  • Ikkevoldskommunikasjon (NVC): Sidan 2021 har eg fordjupa meg i NVC, og eg er no på fjerde året med å bli sertifisert som Internasjonalt sertifisert trenar i Ikkevoldskommunikasjon gjennom Center for Nonviolent Communication. Då eg vart introdusert for dette, opna det seg ei ny verd for meg – rett og slett fordi det bidreg til stor sosial endring i samfunnet vårt.
  • Emosjonell styrketrening: Eg er sertifisert emosjonell styrketrenar i staben til Kathrine Aspaas.
  • Traumebevisst tilnærming: Soleklar er knytta til IOPT Norge og NTF/Traumeterapeutforeningen.
  • Er del av IVK Norge: En frivillig organisasjon for ikkevoldskommunikasjon
  • Erfaring frå næringslivet: Utdanna blomsterdekoratør med fag- og meisterbrev, og over 20 år som bedriftsleiar med ansvar for personale, miljø og økonomi.
Sjå mine tenester

Soleklar

Ta kontakt

Tlf.: (+47) 992 27 885

E-post: [email protected]