Sals- og kjøpsvilkår
Sist oppdatert og gjeldande frå 25. mai 2026
Innleiing
Følgjande vilkår – saman med personvernerklæringa – regulerer forholdet mellom deg som besøkande og Soleklar AS, og gjeld for bruk av nettstaden vår og våre program, tenester, kurs og nedlastbare ressursar (heretter kalla «produkt»), både gratis og betalte.
Som kunde godtek du at du har plikt til å lese desse vilkåra og personvernerklæringa før du deltek i eller kjøper program og produkt frå Soleklar AS, både gratis og betalte.
Du forstår også at du ikkje kan bruke manglande kjennskap til desse vilkåra som grunnlag for å fråskrive deg ansvar eller plikter som følgjer av dei.
Dersom du har spørsmål om desse vilkåra eller personvernerklæringa, kan du ta kontakt på [email protected]. Merk e-posten med «personvern» eller «vilkår», avhengig av kva spørsmålet ditt gjeld.
Ved å bruke nettstaden vår og/eller kjøpe eller laste ned produkta våre, godtek du desse vilkåra.
Dersom du ikkje godtek vilkåra, skal du ikkje bruke denne nettstaden eller kjøpe/laste ned produkta våre.
Lisens og bruk
Når du kjøper eller lastar ned produkta våre, har du berre rett til å bruke innhaldet til eige personleg bruk og som referanse.
Du godtek at du ikkje under nokon omstende skal bruke eller tillate bruk av produkta våre til andre føremål.
For å unngå tvil: Du skal ikkje kopiere, selje, dele vidare, vidaresende, leige ut eller på annan måte distribuere nokon av produkta, tenestene, programma eller dei nedlastbare ressursane våre – anten dei er betalte eller gratis.
Du samtykker også til å ikkje bruke innhaldet eller produkta våre på ein måte som kan vere skadeleg for oss eller omdømmet vårt.
Du må vere 18 år for å kjøpe produkta og tenestene våre. Dersom du er under 18 år og ønskjer å kjøpe produkta våre, må dette skje via føresette eller verje, eller med skriftleg samtykke frå føresette/verje.
Immaterielle rettar
Produkta og innhaldet – anten det er endra eller ikkje – og alle immaterielle rettar og opphavsrettar knytte til dette, er og skal til kvar tid vere Soleklar AS sin eksklusive eigedom.
Du samtykker til at du ikkje under nokon omstende skal forsøke å gjere krav på eigarskap til materiale produsert av oss eller gjere krav på opphavsrett til produkta eller innhaldet vårt.
Refusjon, prisar og kjøpsvilkår
For fysiske produkt gjeld angrerett og refusjonsrett for forbrukarar og bedriftskundar.
Prisane vil variere avhengig av kva type og/eller kor mange program eller system du nyttar.
Soleklar AS står fritt til å tilby rabatterte kampanjeprisar. Den rabatterte prisen vil då gå fram av nettsider, e-postar, landingssider eller liknande og gjelde framfor ordinær pris i ein spesifisert tidsperiode. Det same gjeld ved prisauke.
Reduserte prisar, anten det gjeld kampanjetilbod eller permanente prisendringar, blir sette i verk slik det er beskrive på den aktuelle salssida.
All betaling skjer via betalingssystema Stripe, PayPal, Klarna eller Vipps.
Force majeure
Ved alvorlege og uføresette hendingar som verken kunden eller Soleklar AS med rimelegheit kunne føresjå eller forhindre, og som hindrar ein eller begge partar i å oppfylle avtalen, kan gjennomføringa av avtalen utsetjast. Betalingsplikta er unnateken frå dette.
Dette kan til dømes gjelde alvorleg sjukdom, krig, jordskjelv, andre naturkatastrofar eller globale kriser som hindrar arbeidet i å bli gjennomført.
Den parten som blir hindra i å gjennomføre avtalen, skal gi den andre parten tilstrekkeleg informasjon utan unødig opphald, slik at vedkomande kan få oversikt over eventuelle tap og konsekvensar.
Dersom force majeure-situasjonen blir langvarig, blir Soleklar AS fristilt frå leverings- og/eller erstatningsplikta.
Garanti og ansvar
Vi gjer til kvar tid vårt beste for å sikre at produkta våre er nøyaktige og eigna for kundane våre.
Den enkelte kunden er sjølv ansvarleg for eigne handlingar og/eller manglande handlingar som følgje av deltaking i eller kjøp av produkt frå Soleklar AS. Soleklar AS skal derfor ikkje haldast ansvarleg for opplevde økonomiske tap, manglande forventa inntekter eller konfliktar i kunden sitt nærings- eller privatliv.
Soleklar AS gir ingen garanti for at tenestene våre vil føre til suksess «over natta» eller innan kort tid. Ved å nytte produkta eller tenestene våre, anten gratis eller betalte, stadfestar du at du er innforstått med dette.
Som kunde samtykker du til å halde Soleklar AS skadeslaus for forpliktingar, krav, utgifter, handlingar, kostnader, skadar eller tap som følgje av eventuelle brot på desse vilkåra frå di side.
Teieplikt og opptak av nettmøte
Ved ein-til-ein-samtalar gjeld gjensidig teieplikt mellom partane, både når det gjeld personlege opplysningar og informasjon om bedriftsrelaterte tema, slik det er beskrive i konfidensialitetsavtalen som blir signert før eit ein-til-ein-samarbeid startar.
Ved ein-til-ein-samtalar vil Soleklar AS ikkje gjere opptak av møta, med mindre noko anna er avtalt. Dersom det blir avtalt at Soleklar AS skal gjere opptak, vil opptaket vere tilgjengeleg i sju dagar etter møtet før det blir sletta.
Som kunde kan du sjølv gjere opptak av desse coachingtimane, føresett at vilkåra her og i personvernerklæringa ikkje blir brotne.
Generelt
Desse vilkåra utgjer den samla avtalen og forståinga mellom deg som kunde og Soleklar AS når det gjeld levering av nedlastbare digitale produkt og tenester/rettleiing, anten fysisk, via e-post eller gjennom nettmøte. Vilkåra erstattar eventuelle tidlegare avtalar, anten dei er inngåtte skriftleg, munnleg, underforstått eller på annan måte.
Dersom Soleklar AS ikkje nyttar eller handhevar ein rett etter desse vilkåra, skal dette ikkje reknast som at Soleklar AS gir avkall på denne retten eller andre delar av vilkåra.
Dersom ei enkelt føresegn i vilkåra eller personvernerklæringa ikkje kan gjennomførast eller blir funnen ugyldig, påverkar ikkje dette dei andre føresegnene eller vilkåra.
Desse vilkåra, aksepten din av dei, forholdet mellom deg og Soleklar AS og eventuelle krav, tvistar eller spørsmål som oppstår som følgje av eller i samband med vilkåra, skal regulerast og tolkast i samsvar med norsk lov.
Soleklar
Solgunn Tilseth Breivik
Eigar og dagleg leiar
Tlf.: +4799227885
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Dalsfjordvegen 67, 6133 Lauvstad
Vil du du få siste nytt direkte i innboksen? Meld deg på nyhetsbrevet her.
Vi sender ikkje spam. Du kan melde deg av når som helst.