Kontaktskapande kommunikasjon og konflikthandtering
Hos Soleklar får du hjelp og verktøy til å styrke kommunikasjon, samarbeid og relasjonar.
Frå tankespinn til trygge fellesskap
Mange leiarar, tilsette, lærarar og foreldre kjenner på at kommunikasjonen sviktar når belastninga blir stor. Det kan føre til misforståingar, slitasje og utrygge miljø.
Med over 20 års erfaring som bedriftsleiar og spisskompetanse på behovsbasert kommunikasjon (NVC), hjelper eg deg med å kommunisere tydlegare og styrke relasjonen til deg sjølv og andre.
Praktiske verktøy tilpassa dine behov
Uansett om du står i ein krevjande situasjon som leiar, treng påfyll i arbeidsmiljøet, eller ønskjer betre dialog i familien, tilbyr Soleklar opplegg tilpassa dine behov. Alle tenester kan leverast fysisk eller digitalt, på norsk og engelsk.
Soleklar tilbyr:
- Individuelle samtalar og rettleiing
- Kurs og samlingar for arbeidsplassen
- Mekling og konflikthandtering
- Livsmeistring i skular og barnehagar
- Foredrag og temadagar
Gratis video:
Oppdag 6 moglegheiter til auka livskraft, forståing og kontakt med deg sjølv og menneska rundt deg.
I denne gratis videoen deler eg seks gylne grep inspirert av ikkjevaldskommunikasjon som kan hjelpe deg å forstå eigne behov betre, kommunisere tydelegare og møte deg sjølv og andre med meir empati.
Les meir & få gratis video
Kundeomtalar
Har du ein forespørsel til Soleklar?
Soleklar
Solgunn Tilseth Breivik
Eigar og dagleg leiar
Tlf.: +4799227885
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Dalsfjordvegen 67, 6133 Lauvstad