Historia bak Soleklar
I 30 år fekk eg, Solgunn Tiseth Breivik, leve i det eg kaller verdas vakraste yrke. Eg elska handverket, det gode arbeidsmiljøet vårt i Tilseth Blomster, kvardagsaugeblikka og den varme kontakten med kundane våre. Vi var eit godstog som suste av gårde i full fart – vi utdanna ti lærlingar, tre av oss tok meisterbrev, og vi skapte svært gode resultat saman.
Alt såg bra ut frå utsida, men på innsida kosta det for mykje.
Det var ikkje lenger samsvar mellom mine verdiar og behov og måten eg leia meg sjølv på. Tida var inne for endring, tida var NO. 1.mars 2025 stengte eg porten for godt mens Tilseth Blomster var på topp. No ville eg også leie meg sjølv med omsorg og varme samtidig som min nye draum hadde begynt å spire.
Frå å selje blomster til å få folk til å blomstre
Etter å ha vore i overlevingsmodus kom eg tilbake med fornya kraft og styrke. Så lenge eg kan hugse har eg vore engasjert i gode relasjonar og personleg utvikling. Å få bidra til at andre utviklar seg og får auka livskrafta si gir meg friskt mykje glede.
Derfor bygde ei bru frå det Tilseth Blomster hadde vore, over til noko nytt, som eg ga namnet Soleklar. No skulle eg ikkje lenger selje blomar, men istaden få folk til å blomstre!
Soleklar
Solgunn Tilseth Breivik
Eigar og dagleg leiar
Tlf.: +4799227885
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Dalsfjordvegen 67, 6133 Lauvstad